| I år er det tidleg sumar på Vestvidda, så folkens, det er ingen grunn til ikkje å ta ein tur. Isen er for lengst borte på dei fleste vatna heilt opp i 1300-1400 meters høgd, så det ligg an til ein lang og god fiskesesong, eller til fine fotturar for den saks skuld. Pakk sekken og kom dokke til fjells! Korleis står det til med auren på Vestvidda før 2009-sesongen?Torsdag 26. februar 2009 kl. 19.00, Odda brannstasjon Reidar Borgstrøm vil fortelja korleis tilstanden har vore for mange aurebestandar på Vestvidda fram til og med 2008. Det vil og verta ein diskusjon om garnfisket skal utvidast med start frå 1. juli. Det opne møtet (i kjellaren på Odda brannstasjon) er arrangert av Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning Dette biletet er frå 6. september 1958. Auren var teke på sluk i Dyrskarvatnet (av meg og Øyvind Borgstrøm). Odda jakt- og fiskarlag sette ut fisk i Dyrskarvatnet rett etter krigen. I 1958 var vatnet framleis uregulert, men seinare vart det regulert av Saudafallene. Er det nokon som veit om det er fisk her i dag? Fangst i Øvsta Solvatn, klokka 12, 6. august 1957. Hårteigen i bakgrunnen. På biletet Per Oppedal t.v. og Reidar Borgstrøm. Det var blikk stille då fiskane vart tekne. Vi såg mange fisk som stod relativt grunt, men dei fleste var ikke interessert i slukane. Fiskane var omlag 3/4 kg. Ein kjempefin tur, opp Husedalen til Stavali, Gravdal, Veivatn, Omkjelvatn, Solvatn, Litlos og ned til Valldalen. Eg (r.b.) var heldig som vart teken med på tur(Fotograf:Sigrid (Siggo) Oppedal) FISKE I HARDANGER
Følges av 17 medlemmer.
Denne sonen er for de som vil dele sine erfaringer på sine fisketurer, fiskeplasser(om noen vil då?)..både i sjø og på fjellet i Odda/omegn. Her kan en legge inn bilder av sin fangst, og fortell litt om hva den ble tatt på..og selvfølgelig VEKTA.. Mer om sonen FISKE I HARDANGER er en sone på Origo. Les mer Annonse
| |||||||||||